Retningslinjer for erverv av grunn og rettar

Publisert . Sist endret . i kategorien Utbygging- og reguleringsplanarbeid

Kommunen har i ulike samanhengar trong for erverv av grunn, eller rettar til bruk av grunn, for å gjennomføre utviklingsprosjekt i kommunen. Kommunen skal inngå avtale før tiltak vert sett i verk. Kommunen har som hovudregel at erverv/inngåing av avtale skal skje etter friviljug avtale med grunneigar. I særleg viktige område kan det likevel bli nødvendig med tvungen innløysing av areal. Desse retningslinene skal gjera det enklare å kome til friviljuge avtalar, og det skal løna seg for grunneigarane å inngå slike avtaler i høve til ekspropriasjon.